fredag 9. april 2010

Det var det!


Denne veka er ferdig før ho har starta, det følast i vert fall slik.
Eg veit ikkje heilt kva dagane har gått med til.... Men eg har hatt nokre fine turar i skog og mark.

Det er jammen lenge sidan eg har gått denne løypa, men denne veka har eg gått omtrent kvar dag;o) Det er så godt å kunne gå i motbakkar og ulent terreng.



Godt å la tankane flyge dit dei vil, la idear komme, la dei surre rundt, spinne vidare på dei eller la dei komme og gå..... mmmm jau det er godt å kunne tusle i skogen att;o).

Eg har laga eit sjal i lyse og lette fargar.

Når eg no prøver det veit eg ikkje heilt om det er meg og mine fargar......
mot solbrun hud kan det hende at eg kan like/bruke det.....
Eller kanskje nokon andre skal få bruke det......


Sola kom inn gjennom vindauget då eg skulle ta bilete og laga ein tøff effekt på dette biletet....

Eg måtte berre ha det med..... ;o) 
I går var eg i Førde og då fann eg desse som eg berre måtte ta bilete av. Det var fire stykker og dei var i denne grøne lunga midt i Førde sentrum.
Truleg er det to par som har funne seg til rette ved elva.

Eg er ikkje nokon fuglekjennar, så eg veit ikkje kva fuglar det er...., men fine var dei i vert fall.
Det er heilt sikkert nokon som kan fortelje meg kva fuglar det er;o)


Det er blitt fint langs med elva, om ein berre tek seg tid til å gå langs med den.... og det hadde eg god tid til i går;o)

Ha ein fin kveld!

3 kommentarer:

Orlaug sa...

Heilt sikkert, det....at det gjer godt å gå på tur i skogen.......
Aldeles nydeleg sjal du har strikka.....so fin den kanten rundt.
Og so er det no stas å sjå bilde frå Førde.....der eg voks opp.......ikkje akkurat i sentrum, men ca 13 km utanfor.
God helg!

KariL sa...

Kjempefint sjald du har laget. Så fin kant. Bare lekkert.
Ønsker eg en riktig god helg!

Laila sa...

Nydeleg sjal du har strikka. Fuglane i Førde-byen er ikkje akkurat "flygande gjess", men etter det eg kan sjå, må det vere Canadagås ;)