
Dei 5 eldste gutane spelar fotball før dei trekkjer inn og går i gang med ei økt med FIFA.....

Så er det dei minste som er litt til og frå. Det er 5 jenter og go'guten som å gjerne er ute no når snøen er vekk og det går å vere ute utan lag på lag med klede.
Det er godt å vere saman og godt at alle kosar seg saman og har ein god dag, både ungane og dei vaksne.

Her er brukt både nye stoff og stoff frå lageret.

Det er godt med lommar i veska, ein glidelåslomme samt 3 lommar utan glidelås innvendig og to utvendige lommar på modellen.
Eg gløymde å ta bilde inne i veska....
Skal tru kva eg skal ta til med... Eg har nokre løparar som skal quiltast før lukkekanten skal på plass, så har eg stjerne-duken/teppet mitt. Eg tenkjer eg skal prøve å gjere litt ferdig før eg startar på noko nytt....
Og så er det nokre bursdagsgåver som og skal lagast.... Yes, eg har enno litt å putle med, godt er det!
Ha ein fin dag!
4 kommentarer:
Alltid kjekt når heile familien samlast.Og den veska er flott, fargar eg likar godt, denne må ho jo berre like:) Ha ei kreativ veke.
Hei ! En rask liten hilsen fra den svenske villmarken! Ustabilt nettverk !! Klem fra bestemor!!
Vel overstått påske! Smart med en ekstra mappe i veska og så fikk du bruke litt turkis snirklestoff :) Du er så dyktig atte...
Ikkje til å undrast over at veska fall i smak, for den var FLOTT!
Legg inn en kommentar