tirsdag 6. april 2010

Påskekos

Siste del av påska har vi hatt saman med familien min i Hyen. Det er alltid kjekt å samlas, og som så mange gangar før samla mamma og pappa heile gjengen til middag;o) Det vart ein fin dag med mykje god mat, prat og latteren er heller ikkje langt unna når vi er samla;o)

Dei 5 eldste gutane spelar fotball før dei trekkjer inn og går i gang med ei økt med FIFA.....
Dei 4 eldste jentene spelar kort og spel og latterkulene kjem tett;O) Det er kjekt at både tenåringane og 8,9 og 10-åringar kan gjere noko saman.....
Så er det dei minste som er litt til og frå. Det er 5 jenter og go'guten som å gjerne er ute no når snøen er vekk og det går å vere ute utan lag på lag med klede.
Det er godt å vere saman og godt at alle kosar seg saman og har ein god dag, både ungane og dei vaksne.

Eg fekk overlevert veska og den fall i smak hos svigerinna mi. Det er kjekt at mottakar er nøgd når eg har fått fritt spelerom med stoff og samansetting. "Eg likar best brunt, gjerne med litt turkis, men det må ikkje vere mykje....", det var utgangspunktet mitt.

Her er brukt både nye stoff og stoff frå lageret.
Eg tenkte at det kunne vere kjekt med ei lita mappe til ting og tang i ei så stor veske, det er lettare å finne dei små tinga som ein berre må ha med....
Det er godt med lommar i veska, ein glidelåslomme samt 3 lommar utan glidelås innvendig og to utvendige lommar på modellen.
Eg gløymde å ta bilde inne i veska....


No er det ei ny, litt kort, veke og nye mogelegheiter!
Skal tru kva eg skal ta til med... Eg har nokre løparar som skal quiltast før lukkekanten skal på plass, så har eg stjerne-duken/teppet mitt. Eg tenkjer eg skal prøve å gjere litt ferdig før eg startar på noko nytt....
Og så er det nokre bursdagsgåver som og skal lagast.... Yes, eg har enno litt å putle med, godt er det!

Ha ein fin dag!

4 kommentarer:

Ann Tove sa...

Alltid kjekt når heile familien samlast.Og den veska er flott, fargar eg likar godt, denne må ho jo berre like:) Ha ei kreativ veke.

Bestemor Drillo sa...

Hei ! En rask liten hilsen fra den svenske villmarken! Ustabilt nettverk !! Klem fra bestemor!!

KariL sa...

Vel overstått påske! Smart med en ekstra mappe i veska og så fikk du bruke litt turkis snirklestoff :) Du er så dyktig atte...

Laila sa...

Ikkje til å undrast over at veska fall i smak, for den var FLOTT!