torsdag 1. april 2010

Påskefri

og då pakka vi bilen og køyrde ein tur til Bergen. Eldste var trengd for ein shoppingtur. Min kjære og jentene har påskefri og eine broren til mannen hadde både hjerterom og husrom...;o) Det har vore nokre gode dagar med mange opplevingar, men det gjer godt å komme heim og no skal ryggen få bestemme nokre dagar, så er eg klar att;o)


Vi har vorte skjemd vekk på matfronten då kona til svogeren min kjem frå Thailand. Det er fantastisk å kunne prøve nye rettar og kunne sette seg til duk og dekka bord etter ein lang dag med turar både hit og dit...

Min kjære og mellomste meinte eg fortjente boka fremst i bildet, eller var det eit hint til kva dei vil ha framover.....;o) Eg vel å tru det første!;o)

Vennebesøk fekk vi og til. Ho er ei veninne som eg ikkje ser så ofte, men likevel startar praten som om det var i går vi sist var saman.... og mennene kom nesten ikkje til orde.....

No når sofaen er haldeplassen... måtte eg berre prøve nokre nye prosjekt.
Eg har berre nokre i gang frå før.... men to av dei er bil-fjernsyns-strikk og då er det kjekt å veksle til eit med litt meir mønster.

På tur til Bergen fekk eg og turen innom Stoff og Stil og då plukka eg med eit heklemønster på soppar som eg har sett på ei stund. Småprosjekt er alltid kjekke å ha for hand.

No er det snart tid for påskekrim, raudvin og strikkety.

Ha ein fine kveld!

2 kommentarer:

KariL sa...

Alltid kjekt med ein tur til storbyen. Håper ryggen din kjem seg snart.
Ønsker deg ei fortsatt god påske med mange spennande oppskrifter!

Unknown sa...

Bergen er en fin by å feire påske i, stille og rolig :o) Håper ryggen din snart spiller på ditt lag igjen! Imellomtiden, kos deg med strikketøyet:o)