onsdag 21. april 2010

Ei veke??? trudde det var eit par dagar.....

Det har vore nokre travle og kjekke dagar her på Haugland. Eg har fått oppleve vår, vinter, sol, regn og snø......

Dagane har vore fulle av aktivitetar heile dagane og om kveldane har praten og latteren sete laust. Det er gode dagar og det går slik eg har håpa på. Eg klarar å nå måla og kan sette meg nye mål.

I dag har eg hatt ein perfekt dag! Først ein lang tur i skogen, så varmt basseng og til slutt avspenning i det varme bassenget. Har du ikkje prøvd det anbefaler eg det på det varmaste!!! Om du likar å ligge på ryggen, med øyrer og auger under vatn. Du slappar VELDIG godt av og det varer i mange timar etterpå;o) Det er godt for strame musklar;o)

I går kveld vart vi inspirert av ei kjekk dame frå Blomstertorget i Dale. Ho laga diverse samanplantningar som skal brukast her på Hauglandssenteret. Ho var ei dyktig dame som kunne faget sitt og som lærde oss mykje nyttig og kunne svare på det meste på strak arm. Ho hadde nye, kjekke måtar å pynte samanplantningane på, Stripps er hot!;o)

Handarbeida veks jamt og trutt, bilete skal komme snart;o)



 
Eg måtte berre vise dette bildet, dette motivet fann eg på turen i dag. Det er ei flott utsikt her når vi kjem opp på toppane, men eg finn og nokre fine motiv i skogbotn....


Ha ein fin kveld!!!

2 kommentarer:

Kerstin sa...

Ååå, er du tilbake dit nå? Jeg lengter tilbake når jeg ser de fine bildene du tar. Til roen og latteren :) Kos deg masse og nyt det.
Klem

KariL sa...

Godt å høyre at du har det bra. Ynskjer deg eit vidare godt opphald og så ser fram til at du kjem heim att. Gratulerer med husbonden i morgon!