torsdag 15. april 2010

Regn er også vakkert.....

Her inne er det morgontur kl 07.30. Det er godt å komme seg ut å få frisk luft før frukost;o)

Eg fann ei løype med litt bakkar, så eg fekk varmen i meg og pusten i gang, før eg tusla ned til fjorden der eg fann mange flotte motiv.

Det er vakkert når regndropane heng på greinene, eg skulle ynskje eg kunne "fange" dei med linsa. Eg skal ha med speglreflekskameraet mitt så får eg sjå om det blir betre.  

No har eg fått timeplanen min og veit kva eg skal gjere mesteparten av opphaldet.

Det er ei god blanding mellom trening og kvile så eg skal nok få god tid til kreative syslar med selskap av lydbøker i tillegg til latter og prat med dei andre som er her.

Det skal bli bra, det har eg bestemt meg for!




I det siste har eg hekla blomar, men no er det nok, så no skal eg gå over til striper....... Så langt ser det greitt ut, så får eg sjå korleis det blir med stripene...  

Ha ein fin dag! 

4 kommentarer:

Unknown sa...

Det høres ut som om du har det fint, selvom det regner :o)

Haldis sa...

Kos deg sjølv om det regnar! Ein idyllisk plass du er på, var med eldste dattera på leirskule der for mange år sidan.

Bente sa...

Ja, regn er vakkert...iallefall vakrare enn synet frå stoveglaset mitt akkurat no, for her snør det store "flokser"...og no når vi trudde våren var kommen...
Jaja, det varer vel ikkje så lenge før snøen er vekke igjen.

Ynskjer deg eit fint opphald, og ei fin helg.
Kos deg med handarbeidet.

KariL sa...

Ja no har eg nettopp kjørt gjennom snø/slaps. Våren kom og gikk, men den kjem heilt sikkert tilbake. Er godt utstyrt med handarbeid og då er jo helga redda. Sandane søndag.
Ynskjer deg ei riktig god helg og nyt ditt handarbeid!