Så er eg på Hauglandssenteret att, for tre nye veker med opptrening. Det håpar eg skal bli like bra som sist gang;o)
Det blir fint å vere her i denne lyse fine årstida! Her er det svært fint turterreng, gode treningstilbod innandørs og godt personale.
Det som blir verst er å vere vekke frå jentene og min kjære i tre veker. Eg er så heldig at dei vil komme på besøk til meg. Det gleder eg meg til allereie…..
Då eg skulle pakke for å reise hit, kva trur du eg pakka og planla først?? Handarbeid, bøkene og til slutt kleda….. Jepp!, det er meg;o)
Ha ein fin kveld
1 kommentar:
Viktig å pakke i riktig rekkefølge. Det viktigaste først :)
Ønsker deg en riktig god dag!
Legg inn en kommentar