mandag 12. april 2010

Heldige meg.....


 Berre sjå her! Denne flotte gåva fekk eg i helga som takk for at ei lita teneste eg kunne hjelpe med.

Nydelege fargar og ei kjekt mønster som eg har kikka på før. Eg veit og kvar eg vil henge når det er ferdig, om litt.....;o)

Og her....

Det er vedunderleg å kunne gå i skogen og når ein har komme opp ein BRATT bakke, pusten går som berre det!, ein er raud i kjakane og varm i toppen og kroppen, så kan eg snu meg og får denne løna!


Tenk å kunne kvile og sjå ut over denne vakre utsikta.


Eg som er fødd og har vakse opp mellom høge fjell og med berre elvar og foss og vatn i nærleiken er blitt heilt tussete etter å kunne sjå ut over sjøen og skipsleia.

Tenk at eg kan kvile auga på den vakre utsikta kvar dag!

Og heldig er eg som kan starte på eit nytt prosjekt og glede meg over fargane som leikar så godt saman. Og håpe på at det blir som eg har tenkt meg når det blir ferdig....;o) Det får eg sjå når eg kjem så langt.....

Fargane er finare saman i verkelegheita enn på biletet, den er ikkje så blå... Slik er det av og til, fargane kjem ikkje så godt fram på bileta.... Men de kan kanskje få ei aning om korleis det blir....;o)
Ha ein fin kveld!

1 kommentar:

Bestemor Drillo sa...

Gratulerer med ei fin gave!! Flotte bilder av en vakker natur!! Ha en fin vårkveld;)) Klem fra bestemor!!