søndag 11. april 2010

Vakkert.....

Nok ein fin dag, med vår i lufta og ein temperatur som gjer at syklane kjem fram, nye joggesko, jakker og vårglede! Sola kom ut på kvelden, og berre sjå kor vakkert det er!!!

Vi er så heldig å ha sola heile dagen også om kvelden. Då kjem ho inn vindauga på kjøkkenet og stova til ho, på denne tid av året, går i havet. Det er eit vedunderleg vakkert syn som eg ALDRI kjem til å bli lei av!!!
Seinare på sommaren har vi den til klokka nærmar seg halv tolv og då går ho bak fjella, men framleis like vakker og velgjerande!!!

Eg er i gang med eit nytt prosjekt som enno er berre i hovudet. Eg har ein ide, litt lintråd, eit linstoff i lilla. Eg tenkjer meg ein tunika med hekla topp i tre fargar, djupraud, lilla og rosa. Nokre blomar og så hekla striper. Om litt ser eg om det er "liv laga"

Det kjem gjerne meir dersom det er ein ide som fungerer.....;o)



Ha ein god søndagskveld!

5 kommentarer:

Siv sa...

Jeg følger spent med! ;o)

Liven sa...

Du er like heldig som meg - med kveldsol ute og inne på kjøkkenet - ein bli avhengig og så godt det gjer:-). Einaste - må være at d kan være vanskelig å komme seg inn og til symaskina, men godt da å ha "bunning" å flytte med ut. Blir spennende å se hvordan ditt prosjekt blir.
Ha ei fin uke:-)

Ann Tove sa...

Flott vårveir på vestlandet i dag, ja.
Blir spennande å sjå det nye prosjektet ditt ferdig:)

KariL sa...

Ja denne helga vart vi velsigna med nydelig vær og vi ønsker oss fleire. Vårtegna står i kø og alle gleder seg. Venter spent på fortsettelsen på prosjektet ditt.
Ønsker deg en riktig god uke!

Unknown sa...

Det er herlig med lengre og lysere dager - med sol! Gleder meg til det blir grønt på trærne.
Det er en award til deg på bloggen min.
Ha en fin uke
Merete