mandag 10. mai 2010

Berre fordi.....

..... eg kan..... eg vil.... og det er nett det eg treng..... og eg nyt det!!!

Det vil eg prøve no. Eg har fått ein god start med 3 veker på Haugland og i helga med denne flotte utsikta.
Den kunne eg nyte frå fredag til søndag saman med god jazzmusikk, god mat og drikke samt gode vener sitt gode humør og glede! Og ikkje minst i selskap av min kjære mann!!

Det gjorde godt og plusskontoen er fylt opp for ei stund! Det er fantastisk å kunne vere i det gamle, ærverdige hotellet med så mykje historie. Sigurd Kvikne og hans tilsette og samarbeidspartnarar gjer ein flott jobb når dei år etter år lagar til Balejazz. Det er mange, mange dugnadstimar som gjengen i Balejazz legg ned i løpet av året for å få dette til. Til glede for oss som vil nyte....

I dag har eg fått vere ute i sola det var godt, men hadde vore endå litt betre om den kalde vinden og "kuldegradene" ( som eigentleg var nokre få, stusselege plussgrader) hadde slept taket. Det kan dei berre gjere no, vi er jo langt ut i mai!!!!!
 Eg trur jo framleis på at varmen er rett rundt hjørnet, eg fekk ein forsmak på det i helga......

Innomhus er det varmt og eg kan sitte i sola;o) Eg kan nyte dette vakre synet, vente og glede meg til dei sprett ut.... Å det skal bli eit flott syn, og i mellomtida nyt eg dei nett slik dei er....

Eg har starta på eit nytt prosjekt (nei eg har ikkje noko anna på gang....;o)

Eg trur det kan bli bra og eg må berre prøve korleis det blir, for det var tråd att.... som freista.
Eg ser føre meg at det kan bli eit fint skjerf til sol og sommar og sommarkjole. Det skal vere perler og blomar til pynt på kortendane.

Eg har det same i svart med raude perler, men eg trur det blik vel så fint i denne lyse og lette fargen.

I morgon håpar eg at eg kan sy litt, for no eg kjenner eg det rykkjer i pedalfoten......;o)

Ha ein fin vårkveld!

1 kommentar:

Trollkåno sa...

Hei!
Balejazz, ja.....der skulle eg gjerne vore, spesilet sidan yngste son spelte der.
Saman med tre kameratar spelte han laurdag klokka eitt utanfor hotellet. Gruppa heiter Smiletones.....dei begynte å spele ilag då dei gjekk på gymnaset.Børge spelar trompet i gruppa........
Me hadde desverre ikkje anledning å vere der, men eg køyrde til Vangsnes og henta han laurdag ettermiddag.....so reiste han til Oslo att sundag.
Ha det so bra!