torsdag 6. mai 2010

Heime att!!!


Så er eg vel heime og så smått i gang att. Dagen i dag har gått i eit noko langsamt tempo, men på slutten av dagen fekk eg opp tempoet ;o)

Eldste og eg fekk på oss turklede og joggesko og sette nasen mot Brandsøyåsen.

Vi kom oss opp og vart lønna av denne fantastsike utsikta bada i sol. Det er så utruleg flott på denne tida av året med kvite fjelltoppar, mot blå himmel og snart vil det bli irrgrøne lier.
Det er "balsam for sjela" å kunne sette seg ned ei stund og nyte utsikta før ein tek turen ned att.

Det er godt å kjenne at pusten og kroppen fint klarar turen til topps med fjortisen i hælane. Eg fekk gå fremst og bestemme farten, kjekk jente.....;o) Det er og svært kjekt at ho (frivillig!!) vil vere med mora på tur!!!

No nyt eg denne utsikta frå sofakroken, med ein tekopp og litt handarbeid. Det gjer godt etter den fine turen;o)

 
Ha ein fin kveld!!

2 kommentarer:

Laila sa...

Håpar du har hatt eit nyttig opphald på Haugland. No er det berre å håpe at dette veret varer ei stund og at det blir litt betre temperatur slik at det blir skikkeleg fart på våren. Ha ein fin kveld.

KariL sa...

Velkomen heim igjen. Håpar du har med deg litt godt vårvær heim atte.
Ha ein fin tur i helga!