mandag 3. mai 2010

Ein liten tur heimom....

Eg var ein liten tur heim for å få vere med i konfirmasjon til "mostegullet" Det vart ein fin dag, nydeleg konfirmant, kjekt å vere saman med familien min og familien til svogeren min.

Vi fekk mimre då vi såg bilete og video frå oppveksten til konfirmanten og latterkulene sat laust. Etter ein fin køyretur i sol kom eg tilbake til Hauglend og innspurten for så å reise heim att på onsdag.

Eg måtte berre sy litt då eg var heime, denne mappa sydde eg for å ha gåva til konfirmanten i. Ho diggar denne gruppa og har dette motivet på ei t-skjorte så vi syntes at det var "midt i blinken". Og det var veldig godt å sy etter gammalt....;o)



Eg har og nådd mål nr 2, som var ein tur 450 moh og kunne sjå ned til Dale. Det var ein bratt tur oppover og like bratt ned att!! Men eg har klart den og det gjer godt! No er det berre å vere like flink heime. Det er det som skal til og det skal eg klare;o)


Litt har eg putla med her inne eg har laga belte til min kjære.



Eldstegullet har fått ein bolero og så har eg hekla litt...



Eg har det bra! og gledar meg svært til å komme heim;o)



Ha ein fin dag!

1 kommentar:

KariL sa...

Skal bli godt med gjensyn etter gammalt. Det er mange dagar dette here. Håpar det går bra med helsa. Det er det viktigaste.