onsdag 26. mai 2010

Pinsehelg

Det har vore ei god, men kald helg......


Mannen og eg var så heldig å ha pappa som vegvisar på ein tur søndag. Det var i utmarka heime ut i skogen og opp forbi plassen der sommarfjøsen til garden var før. Pappa meinte at den kan ha vore i bruk fram til tidleg på 1940-talet, og no var det var berre litt av grunnmurane om sto att. Vidare til Veslerognkleivsvatnet. Ein vakker plett..... Mannen lurte på kvifor det heitte det, og kvar "Storerognkelivsvatnet" er, men det kan ikkje pappa svare på.....;o)
Vidare gjekk turen tilbake gjennom skogen og vi kunne sjå ned i Ommedalen som vi køyrer gjennom for å komme opp til garden der eg vaks opp. Husa i Ommedalen ligg rundt elva og er omkransa av høge fjell.

Den bratte vegen de ser opp fjellsida går opp til Ommedalsstøylen, og den er minst like bratt som den ser ut på biletet.....Eg har gått ned vegen og det kjenner ein godt i beina, så godt at vi gjekk ut av vegen og over til råsa dei brukte før.....

Etter å ha køyrd forbi Ommedalen går turen lenger inn i dalen der vegen deler seg og ein kan enten køyre i Gjengedalen eller opp til Mjellem og Rognkeliva der mamma og pappa bur. Eldste bror min har nett overteke garden, men har god hjelp av foreldra mine framleis. På dette bildet ser ein inn i Gjengedalen. Vi står i skogen eit godt stykke over husa på garden heime.


Dagen etter kunne vi vere med å feire tre konfirmantar. To av dei er eg så heldig å vere faste til;o) Ein svært fin dag, med 4 konfirmantar i kyrkja og vidare ein fin fest med taler, gode ord, smil og latter, songar og bilete. Eine konfirmanten kunne underhalde oss både med felespel og med blåseinstrument saman med to av søskenbarna sine. Det var ein kjekk dag saman med slekt og vener.



Kjolen min er og ferdig. Toppen er hekla av Cotton Viscose frå Garnstudio. Til ermane brukte eg Kid Silk også frå Garnstudio. Pynten i turkis og brunraud er Kid Silk og finull frå Rauma.... Eg vurderer anno om eg skal ha ein hekla kant nedst på skjørtet....;o) Eg likar godt å bruke forskjellig kvalitet på tråden det gjev "liv" til plagget.
  

Ha ein fin dag!

1 kommentar:

KariL sa...

Kjolen din ble kjempefin!!!
Det var litt av en tur dere har vært på. Flinke..