onsdag 12. mai 2010

Småplukk

Langhelg, med feiring, feiring og feiring;o)


16. mai er byen vår 150 år. Det skal feirast med mange arrangement i løpet av denne helga og så skal det heile avsluttast med barnetog, borgertog, is, leikar taler og hornmusikk 17. mai. Eg vil tru det skal vere mogeleg å la seg begeistre i løpet av desse vårdagane;o)

Planen om å sy rann ut i sanden, og om eg prioriterer det i helga er vel lite truleg.... Men småplukk og hekling har det blitt litt av. No er det nåleputer eg syslar med.



Eldste jenta har fått utfolda seg i det siste. På skulen har ho laga denne maska. Det er eit avtrykk av ansiktet hennar som ho har pynta med tyll, perler, maling og ein glidelås bak tyllen.... TØFT! (om eg skal uttale meg, heilt objektivt sjølvsagt....;o)


Ho har og brukt dei siste kveldane på å lage desse maskene som vart brukt på skulen i dag. Det var dagen for årets Tinestafett. Ho var med i heiagjengen, der vart desse maskene brukte saman med skjørt laga av mjølkekartongar.



Ho har lete seg inspirere av Litago.... Klassa hennar vann både stafetten for 8. kl steget og vart kåra til beste heiagjeng!!! Godt jobba vennen!!!

Eg måtte berre ta med dette bildet frå Firdaposten som viser både masker og skjørt.

Kreativiteten blomstrar i heimen;o)

Ha nokre fine vår dagar!

1 kommentar:

Bestemor Drillo sa...

Så kreativ datter du har! Dette var da virkelig flott! Klem!