onsdag 30. juni 2010

Hekla bolero

I går var vi heldig å få vere med å feire 15 årsdag. Dottera til søstera mi feira dagen sin med sjølvbaka/laga kaker, sjokoladepudding, gjærbakst m.m. Det var ei kjekk stund saman med familie og venner;o)

Eg var heldig å få vite om ein bolero som "gjekk gjennom nålauget"..... så eg var snar til å foreslå for mora at den kunne mosta lage til ho. I går kunne eg overlevere den og den passa perfekt.....


Eldstegullet er kreativ også med papir, symaskin, lim og saks så ho pakka inn og laga eit flott kort til jubilanten;o)
Ho er dyktig og har mange idear. Det var første gangen ho brukte symaskina til å pynte kortet, og det klarte ho med glans!


Morgonstundene er rolegare no med skulefri så då nyt eg kaffien med PC, blade i bøker og hekl. Prosjektet no er lodd til dukane ute.
Eg har ikkje funne lodd som fell i smak i butikkane...., eg er ikkje så kresen.... så då heklar eg dei sjølv. Det er nok ein grei måte å bruke restetråd. Eg fyller lodda med småstein frå tunet.....;o)
Eg blada gjennom denne boka og fekk ideen til lodda. Eg har laga dei noko mindre enn dei som var i oppskrifta. Det var forresten mange nyttige tips å finne i boka.


Ha gode dagar!

Ingen kommentarer: