torsdag 1. juli 2010

Sydag


I går hadde eg ein fin dag. Eg fekk sydd denne vesle mappa som er tenkt til gåve. Det er kjekt å leike seg med bilde, blonder, stoff, band og symaskin.....



Deretter starta eg å skjere stoff til eit nytt prosjekt,

her er ein liten kikk på stoffa eg har tenkt å bruke.

  
I dag kom sola og varmen så då vart det ikkje maskinsaum, men uteliv. Vi veit å nyte det, veslegullet hadde besøk så frukt, saft og bær vart bore ut i sola.

Eg fann go'stolen og hadde fint selskap av dei to jentene. Dei hadde mykje forskjellig på hjertet og det er utruleg kjekt å berre sitte der med strikket i hendene og la seg underhalde ;o)


Eg har og så smått starta eit nytt omsaum/strikk prosjekt. Det kom medan eg sat på sykkelen i treningsalen. Det utruleg så mange kreative idear som dukkar opp i løpet av dei 20-25 min eg har på sykkelen før eg skal til med vektene. Også medan eg tel og repeterer og gjer mine øvingar surrar dei kreative tankane og då måtte eg berre prøve om det kunne verte slik..... Ja, ja det vil no vise seg om litt;o)
Det vart jammen slutt på restetråden, eg hadde funne fram. Det vart tre lodd. Eg har funne fram endå meir garn så det skal bli fleire lodd, men i andre fargar....;o) Eit fargerikt fellesskap.....;o) ... om litt....

.... og ja, eg skal snart ha meg "ei deke" å gjere ferdig ein del av det eg allereie har starta på, ...... om litt...;o)

Ha gode "late" sommar dagar/kveldar! Fordi vi fortener det!!!!!

Ingen kommentarer: