onsdag 2. juni 2010

Roser og litt anna....

I dag skal det visst vatnast.... Det er noko mørkare og grått og vått..... Men om litt har vi nok blå himmel, sol og varme (får vi håpe!) i vente;o)


Det er i grunnen heilt greitt for då er eg inne og får gjort litt innearbeid, som eg galant hoppar over når det er sol og varmt ute.

Her på Vestlandet må vi nyte kvar ein dag med sol og varme, vere ute med utesyslar. Det kjem nok av våte dagar då vi kan ta att det som trengs inne;o)

Men etter at litt av det som må gjerast er gjort, kan eg ta ei pause med kreative syslar og kikke innom div. bloggar;o) Det er alltid kjekt og tida flyg fort!


I dag var det siste finpuss på denne veska som var målet. Tenkte eg skulle gjere noko ferdig før eg starta på noko nytt.....;o) Lukkekant og knapp er kome på plass og den er klar til bruk. Det er ei fin veske som eg kjem til å bruke til handarbeid. Med fleire porsjekt på gang til ei kvar tid, er det kjekt med fine vesker, mapper ol. til å ha arbeidet i.

Veska er eit nytt design frå Northern Quilts.


Og orda på veska er gode ord å ta med seg.....

God dag til deg!

4 kommentarer:

Mona sa...

Deilig med sommer og blomster. Den veska var utrolog lekker. Var den vanskelig å sy? Tror jeg må kjøpe det mønsteret......

Laila sa...

Veska og broderiet var så lekkert at eg vurderer å melde meg på broderuskabonnementet, eg også:) Vi gleder oss til helga, for då skal det visst bli eit streif av sommar igjen..

Unknown sa...

For en nydelig veske! Er den stor? Kunne hatt lyst å sy en slik selv :o)

Bestemor Drillo sa...

Dette var et nydelig håndarbeide!
Ha en nydelig sommerhelg!
Klem fra bestemor!