mandag 28. juni 2010

Strikkeposar


Når eg er på tur eller når sommarvarmen kjem og eg tek med meg strikket ut, er det kjekt å ha ein pose til tråden slik at den ikkje trillar ned på bakken og blir skitten. Eg har difor laga nokre posar med hol til slikt bruk. Størrelsen gjer at eit lite strikkety/hekl og kan få plass. Det er enkelt å legge i veska når det skal fraktast rundt, utan at tråden viklar seg inn i nøklar, mobil, sminke og elles det vi damene har i veskene våre....;o)

Om ein skal strikke med fleire fargar har eg ein modell lik syboksen til Lise Bergene, også den med hol til tråden. Då kan ein strikke med 4 fargar om gangen..... Kjekt å ha....;o)

Nokre av desse som eg no har laga skal leggast i posten til to kjekke damer, dei andre har eg tenkt å ha til messa i Hyen i sommar.

No har sy lysta kome tilbake for alvor og eg har fleire vesker og løparar som eg gjerne vil lage. Med det varierande været vi har hatt kan eg gjerne sy, men så snart eg ser sola komme fram att bak skyene, strikk eg ut i godstolen med strikk, hekl eller broderi. Eg er utruleg glad for at eg har denne skapargleda og at eg kan variere handarbeidet.


Ha gode, kreative sommardagar;o)

4 kommentarer:

Liven sa...

Gode tips å finne her;-]. Enig med deg i takknemmelighet for kreativiteten - livet ha blitt kjedelig uten:-)
Sommerklem!

Grethe sa...

Variasjon er deilig. Jeg synes heller ikke jeg kan sitte inne og sy når det er sol. Så mye fint du har laget. Ønsker deg en fin uke :0)

Bente sa...

Smarte strikkeposar.
Det er godt å kunne variere litt, og at ein har interesse for fleire typar handarbeid.
Dei soldagane vi får må verkeleg nytast.

Ha ei fin veke.

KariL sa...

Ritig lekre ble de. Kjekt å ha. Trur eg òg må prøve disse. Har bare så lyst å sy så mange ting. Vi får se. Takk for glidelåsen!

Ha en fin dag selv om regner!