søndag 4. juli 2010

Mi vesle raude....


I går var eg så heldig å vere saman med ein gjeng flotte damer. Bursdagsfeiring utandørs med ei fantastisk utsikt kor ein enn snudde seg..... dersom ein ikkje hadde auga på sjøen, kunne det kvile på det idylliske, nyrestaurete huset, eller på ei av alle dei flotte damene som eg kunne dele dagen med. Å, det er balsam for sjela å ha ein slik god dag! Blider gløymde eg å ta, men eg har minna og ei god unnskyldning for å ta turen ut att til Solberg i sommar.....;o)


Eg prøvde meg med nok ein utedag, men temperaturen var noko lågare i dag. Etter ei stund tusla eg inn og sette meg ved symaskina og gjorde ferdig den raude veska mi. Eg trur nok at den blir ein favoritt;o)
Den fall og i smak hos alle tre jentene, dei minste ville gjerne ha slik veske, så det spørs om det ikkje blir laga fleire slike i forskjellige fargar;o)

Det var ei enkle og kjekk veske å sy og eg fann den i denne boka.

Eg har som vanleg laga lommar inne i veska, ein med glidelås og ein utan, i tillegg til den dekorative lommen på framsida av veska.



No er det det nye strikket som lokkar, skal tru om det blir slik eg har tenkt det skal bli....

Ha gode dagar!!

1 kommentar:

Grethe sa...

Takk for hyggelig bursdags-hilsen. Det er deilig med tur i naturen, det ER balsam for sjelen. Så nydelig veske, forstår godt at fler vil ha. Ønsker deg en deilig uke :0)