lørdag 24. juli 2010

Stockholm

mmmmm ferie er godt! Etter ein laaaaang dag på reise kom vi til eit fantastisk hus som vi leiger. Nokre feira det med å bade i bassenget som er i hagen.


 


Første dagen vart brukt til å slikke sol og is..... Det hadde vi bruk for! Det var utruleg godt med god varme, sol solsenger og basseng. Vi kunne ikkje ha det betre!



 

Neste dag var det tid for sightseeing då var det slottet og kronjuvelane vi ville sjå. Vi traska rund og gjekk nesten forbi slottet..... Men vi kom på rett kjøl att og var innom og såg på kronene, juvelane og på historia til slottet. Det var mykje fint å sjå.


 
Så var det tid for båttur og Junibacken for jentene og Vasamuseet for gutane. Det var veldig kjekt å få med seg for dei minste jentene og mødrene....;o) Deretter gjekk turen vidare til Gröna Lund. Det var veldig kjekt for ungane! og mennene som fekk med seg kvar sin unge slik at dei kunne få køyre berg og dalbane....;o)

I dag har vi vore i nærområdet og litt shopping. Eg har funne eit nydeleg sommarskjørt, så no er eg godt nøgd. Dersom eg i tillegg kan finne tråd- og stoffbutikk ville det verte supert! Det vi tida vise.




No er det regn, første gang på ein månad her.... Det gjer godt for alle plenane har er brune av tørke. Det skal bli sol og varmt att så vi nyt ein kveld inne;o)

Ha gode sommardagar!

Ingen kommentarer: