kom utruleg fort i år..... Vi har vore i Smørhamn i helga i dobbel 50 årsdag. Utruleg kjekt! Vi fekk oppleve Smørhamn Handelstad, ein fantastisk fin plett med to buer heilt i sjøkanten og ei fin ramme om feiringa. Nok ein fantastisk kveld saman med kjekke menneskjer der spøk, underhaldning og latteren sat laust. God sjømat som krabbeklør, reker og bacalao var naturleg meny i den ramsalte sjøbua.
I dag fekk min kjære og eg vandra ein tur rundt på svaberga og sjå ut over havet. Det var og utruleg godt å sette seg der for å nyte utsikta, bølgjene, lukta, bølgjeskvulpa og småprate om laust og fast. Det er balsam for sjela.

Eg plukka med litt til jentene som var heime og så litt til meg sjølv....
Som den vakre lysestaken som blir endå vakrare når lyset er kveikt, det vart inne i dag, då regnet ausa ned, (nok ein gang) og vinden gjorde til at vindauga fekk dropemønster...


På turen til Stockholm var eg som oftast oppe ei stund før dei andre og då var det godt med ein tekopp og strikk ute i den nydelege hagen, enten ved bassenget eller rett utanfor huset. Det gav ein god, roleg start på dagen og rom for å la tankane flyte og nyte den gode turen saman med mine kjære.
Ha ein god augustkveld!
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar