onsdag 4. august 2010

Pynt og sånn.....

Kva gjer ein når YNDLINGS tightsen til veslegullet har fått eit hol?
Jau då tenkjer ein at dette må eg jammen sy att med ein gang, skal berre vaske den først. Så ligg den der nyvaska og klar, men eg skal berre.... og så er den komen på jenta..... Vel neste gang.... Det har blitt slik ein del gangar, og holet er blitt større. No har eg omsider teke nåla fatt og fann ut at eg måtte berre pynte lappinga med nokre søte små hekleblomar.... Vel eg synes den blei søt og så er det berre å sjå kor lenge det går før den er på jenta att og om den blir godkjend;o)

Tråden til hekleblomane er frå det kvite feriestrikket mitt, ermane er no pynta med ei hekleblonde nedst i staden for brot.
Det blir ei søt sommarjakke. Mønsteret på ryggen er lik ermane, men på framstykka er det fletter og holmønster. De skal få sjå det når eg har strikka litt meir slik at mønsteret syns betre....;o)


Ha strålande sommar(!)dagar.....

Ingen kommentarer: