lørdag 10. juli 2010

Yndige...



….er desse to små veskene som har eg fått laga i dei siste dagane. Dei har allereie dei to minste jentene teke i bruk. Dei hadde nesten ikkje tid til å vente på at eg fekk festa og klipt av siste tråden....;o) Det er kjekt når det ein lagar fell i smak!

Dagane har eigentleg forsvunne utan at eg heilt veit kva eg har brukt dei til, men treningsøkter og ein kjekk tur til Førde har det vorte denne veka. Det er der eg har funne stoffet til dei to veskene.

Litt broderi har eg og putla med. Eg synes desse små godorda er kjekke og teikningane yndige. To er ferdige og eg har tenkt å bruke dei i nokre mapper. Planen er å sy dei i morgon, om det ikkje skulle verte sol og varme då. Då skal eg vere ute og nekte å gå inn att før natta kjem!!!

Det kan hende for akkurat no skin sola og eg er invitert ut av min kjære for å feire bryllaupsdagen vår. Det var rett nok i går, men han måtte dessverre jobbe til seine kvelden i går og vart ikkje ferdig, det vert nokre timar også i morgon....
Men i kveld er skal vi nyte god mat og drikke og kanskje får vi med oss litt av konsertane som er i Florø om dagen....;o)

Ha ei god helg!

3 kommentarer:

Mona sa...

Skjønner godt at jentene dine stod og ventet på disse. Kjempelekre. Nydelige broderier også. Ha en super søndag.

Orlaug sa...

So fine vesker...skjønar godt at dei fall i smak.
Vel overstått dag, det er kjekt å feire slike dagar............
Fine broderi....eg fekk plutseleg ånden over meg og skulle brodere, men vart slett ikkje fornøgd.Vart ikkje fine sting, so eg har nok gløymt ut att gamle kunstar......må nok øve meir, ja.....

Grethe sa...

Så fine vesker. Nydelige blomster og herlige stichery. Ha en fin dag :0)