lørdag 28. august 2010

Augusthelg


Dagane går i racerfart, men det er alltid slik dei første vekene etter skulestart. Vi skal "gå oss inn att" i rutinane og vi skal starte opp med div. aktivitetar for både store og små. Det er kjekt å vere i kvardagen att, med nokre rolege stunder for meg midt på dagen, når resten av gjengen er på skule og jobb.

Stundene har eg nytta til å sy litt. Det har blitt nokre vesker som er tenkt til gevinstar. Eg har tidlegare sydd nokre handlevesker av voksdukar, denne gangen var det av restestoff frå Kreativiteten.


Utfordringa var å lage noko av det vi hadde. Svart stoff, små bitar av fargerikt stoff måtte bli handleveske med applikasjon. Sirklar, ugle og stripesett friskar opp alt det svarte.





Eg har og funne "mønster" på nokre tråddokker. Dei har eg skrive ut, limt på papp og klipt ut så no er dei klare til resten av broderigarnet mitt.

Det blir betre orden av det enn å ha dei i dokker her hos meg. Kanskje eg får eldstegullet til å nøste dei opp slik ho gjorde før i sommar....;o)

I dag vakna eg til styrtregn. Med dei to minste framfor fjernsynet og med mann og eldste i enno i senga fekk eg nok ei roleg morgonstund. Eg nyt desse rolege morgonane med te i koppen, lys på bordet og enten PC eller handarbeid.
Det er ein vedunderleg måte å starte dagen på.

Det er seinsommar/tidleg haust og ullsokkane har vore framme nokre dagar... Men i kveld skin det opp, kanskje får vi litt sommar att i dagane som kjem;o)



Ha gode dagar!

Ingen kommentarer: