
Borderiet er små englar og gode ord. Fleire bilder vil komme om litt....

I
Stockholm fann eg nokre skjørt som eg forelska meg i. Dette var eit av dei. Eg kom på at eg hadde tråd liggande i kista mi i ein farge som passa. Det var eit prosjekt som har lege på vent, då eg ikkje var nøgd med mønsteret. Strikket vart rekt opp og denne jakka lagt opp og no er eg altså ferdig.

Eg valde å berre ha ein knapp øvst då eg som oftast har jakkene opne...;o) Ein fin blomsterknapp og eit hekla knapphol pyntar kanten oppe. No ligg jakka til tørk og eg tek den på meg så snart den er tørr. Jakka er strikka i Lerke, nydeleg og mjuk i merino og bomull. Då skulle eg vere klar for hausten med ei lun og god jakke.
3 kommentarer:
Koselig jakke du har strikket. Likte også veskene dine
Flott jakke, den likte eg veldig godt.
Skal sei du er rask med strikkepinnane.
Håpa det blir fleire flotte seinsommar dagar på oss, det er så fint no.
Ha ei god veke :-)
Flott jakke !
Ønsker deg mange flotte høstdager!! Klem!
Legg inn en kommentar