søndag 29. august 2010

Solbroderi

Åååååh vi har hatt nok ein vakker seinsommardag. Eg har vore ute omtrent heile dagen. Vi hadde ingen planer for dagen bortsett frå ein liten biltur til ein vakker plett. Det var unnagjort på føremiddagen deretter var det berre å innrette seg i solveggen med broderi.


Det var utruleg godt å sitte i solvarmen med kaffi og småprat med min kjære eller jentene. Dei minste jentene har vore til og frå då dei har brukt dagen saman med venner. Eldste har eit nytt syprosjekt på gang, ein svart tunika med hjerte på;o)

Borderiet er små englar og gode ord. Fleire bilder vil komme om litt....

Elles vart eg ferdig med eit strikkeprosjekt i går kveld. Fjernsyns- og bilstrikket er ferdig og er blitt til ei jakke. Det er etter dette mønsteret eg har strikka.


Stockholm fann eg nokre skjørt som eg forelska meg i. Dette var eit av dei. Eg kom på at eg hadde tråd liggande i kista mi i ein farge som passa. Det var eit prosjekt som har lege på vent, då eg ikkje var nøgd med mønsteret. Strikket vart rekt opp og denne jakka lagt opp og no er eg altså ferdig.

Eg valde å berre ha ein knapp øvst då eg som oftast har jakkene opne...;o) Ein fin blomsterknapp og eit hekla knapphol pyntar kanten oppe. No ligg jakka til tørk og eg tek den på meg så snart den er tørr. Jakka er strikka i Lerke, nydeleg og mjuk i merino og bomull. Då skulle eg vere klar for hausten med ei lun og god jakke.

Ha gode dagar!

3 kommentarer:

Elins systue sa...

Koselig jakke du har strikket. Likte også veskene dine

Bente sa...

Flott jakke, den likte eg veldig godt.
Skal sei du er rask med strikkepinnane.
Håpa det blir fleire flotte seinsommar dagar på oss, det er så fint no.
Ha ei god veke :-)

Bestemor Drillo sa...

Flott jakke !
Ønsker deg mange flotte høstdager!! Klem!