fredag 20. august 2010

Seinsommar....

Dei siste dagane har vore fantastisk fine, varme, gode sommardagar. Omtrent samtidig med at skulen starta att kom sommaren...... Så ettermiddagane har ungane og eg brukt til å nyte sola. Sørstrand og badeliv lokka. Det har vore nokre gode timar og ungane og eg har kosa oss saman med mange andre som og ville nyte seinsommaren.


Det har vorte lite handarbeid, og det vesle eg har gjort har gått i langsamt tempo..... Bøker og lydbøker i sola har vorte prioritert, men denne vesle jakka har no blitt ferdig og montert. Knappane skal eg finne i morgon. Så kan eg overlevere den til ein liten krabat.

Det er eit nytt kapittel for oss i haust. Veslegullet har blitt skulejente, så no er alle tre i skulen. Det er underleg, vedunderleg og rart.... Tenk at den vesle tulla er blitt så stor, og eldstegullet er nesten vaksen, konfirmasjon til våren ....
Mellomste har starta i 4. og har fått nøkkel for ho har slutta på SFO. Ho har venta på nøkkelen, for det betyr at ho er stor nok til å vere aleine heime til storesøstera kjem heim... Det er godt å sjå at dei greier seg godt. Dei veit kva dei vil, dei viljesterke jentene våre!

Eg må berre skryte litt meir...., sjå kva eldstegullet trylla fram av nokre av stoffa vi kjøpe i Bergen. Utan mønster, etter skissa si og nokre samtaler med meg. Det er så flott at ho torer, at ho prøver og lærer og får det til slik ho har tenkt det! 
I dag kunne ho gå i bursdag, pynta og fin i ny kjole.

Eg har og hatt ein fin dag på syrommet, men først rigga eg meg til med te og mønsterlesing. Eg skal lage klemmepung. Eg har ikkje prøvd det før, men no har eg funne nokre mønster eg vil teste.



Måndag skal quiltegruppa starte opp att etter sommaren og eg skal vise og forklare korleis vi skal sy desse.
Mønsteret til denne er frå Quiltemagasinet.



Den neste eg sydde fann eg mønster til på denne bloggen. Eller, det vil seie eg tok utgangspunkt i denne, men endra litt på den for å passe breidda på klemmebøyelen eg hadde for hand....

Då skulle eg vere klar til måndag......

God helg!

2 kommentarer:

KariL sa...

Kreative jenter du har og tenk alle i skulepliktig alder.
Gleder meg til å sy klemmepung. Den nederste likte eg best.
Ønsker deg riktig god helg.
Klem fra KariL!

Bestemor Drillo sa...

Så fin den siste klemmepungen var !
Flinke og kreative jenter har du også!
Klem fra bestemor!