lørdag 11. september 2010

Skap noko....


.... "skriv" ein av englane eg nett er ferdig med å brodere. Det gjer eg gjerne;o) Det er ei glede som eg er heldig å ha.
Gleda over å ville skape noko og få det til, verte nøgd med det du lagar. Sjå at det vert slik du tenkte det skulle bli. Sjå at fargane, motiva og mønsteret harmonerer.

Det er ei glede å kunne fylle dagane med slike kreative sysler, kunne kjenne på stoffa, klappe på dei.  
Kjenne strukturen i stoffet og nyte synet av vakre mønster og fargar som set i gang noko i deg og som inspirerer deg til å lage noko.


Det er ofte eg ser stoff, mønster fargar og plutseleg veit eg at eg må berre lage akkurat det av det stoffet. Andre stoff tek lenger tid, ligg i skuffa og ventar på det rette prosjektet.

No har eg nokre stoff liggande framme på syrommet og eg veit kva eg skal lage av dei. Dei ligg og gledar meg med sine fargar og mønster og kanskje blir ideane og modna og utvikla før eg kjem så langt at eg skal til å lage dei.
Hmmm, jau eg er heldig!

I dag er håpar eg at eg kan svinge innom syrommet, etter at huset er ordna. Kanskje får eg hjelp til å rydde å ordne huset av resten av familien slik at vi alle kan få drive med det vi aller helst har lyst til.

Eg trur på det! For då kan eg få ferdig denne veska som eg berre skal sy saman og sette fôr i.  Jau, det er ein god plan.....;o)


God helg!

4 kommentarer:

Laila sa...

Spennande arbeid du har på gang :) Sjølv har eg hatt pause frå handarbeid ei tid. Har vore i lesemodus... Har nettopp avslutta ei bok av Cecilia Samartin "Salvadoreña". Anbefalast. I helga skal eg "sprette" Sukkerdøden av Unni Lindell. God helg!

Bestemor Drillo sa...

Så skjønne broderier ! Spennende håndarbeid du har bestandig på bloggen din;) Klem!

Orlaug sa...

Fine broderi.....tenkjer stadig at eg skal brodere, men det vert liksom med tanken.
Synest det so fint saman med quilting av ymse slag.
God sundag!

Unknown sa...

Hei, så nydelig veske du har laget og bloggen din er jo så fin. lager du slike vesker på bestilling? Ha en fin uke videre. Mvh Wilhelmine