tirsdag 26. oktober 2010

Fargespel


Vi er utruleg heldige som kan vandre til skulen om morgonen og få slike vakre fargar servert på sølvfat.....







Nydelege fargar og inspirasjon. Både veslegullet og eg blir like bergtekne kvar gang vi ser slike vakre skyer og fargar!

Vi kan neste ikkje sjå oss mette;o)





I går fekk eg sydd ferdig mitt første teppe!!;o)
Litt stolt, JEPP;o)

Eg har lenge vegra meg for å sy slike store prosjekt. Berre tanken på å skulle quilte det fekk meg frå å starte.....
Men no har eg altså gjort det! Eg starta med ein jellyroll og sydde saman 3 og 3 strimlar.
Skar strimlar og sydde 9'er blokker. Eg lagde og 6,6" blokker av stripesetta og sydde så saman annakvar 9'er blokk og stripeblokk. Dette danna midtstykket.
Med 4 stripeblokker att var det naturleg at kanten rundt teppet vart 6,5 " og at eg brukte dei siste blokkene i hjørnene.
Eg har quilta i saumane og eit par bølgestriper på kanten.
Bakstykket er eit vakkert laken i flanell som har vorte for kort til sengene.
Med det vakre rosemotivet vart det eit naturleg val. Og flanell lunar ekstra godt. Eg bruke bomullsvatt så heile teppet er mjukt og godt.
No skal det lune oss i kulden som framleis held stand;o)
Ha ein god dag!

5 kommentarer:

Ann Tove sa...

Ja, det er mange flott fargar på himmelen. Blir aldri mett av å studere skyene når dei viser slikt fargespel.
Det teppet ditt var kjempefint, forstår godt at du har kvia deg til å quilte slike store teppe. Det må vere skikkeleg tolmodighetsarbeid.
Ha ein fin dag.

KariL sa...

Naturens vakre fargespill er bare en nytelse. Det er godt å ta seg tid å ta de til seg. Forevige, ta vare på, for så å ta de frem igjen.
Teppe ditt ble kjempeflott. Jeg kvir meg også på å starte på store prosjekt. Det blir med planene.
Ha en fortsatt god uke!

Bestemor Drillo sa...

Nydelige himmelbilder og vakkert teppe!
Klem!

ann helen sa...

Et nydelig teppe du har laget. Blir godt og varmt å sitte under det på kalde dager.

Ønsker deg en kreativ onsdag.

Laila sa...

Gratulerer med ditt første teppe. Då tenkjer eg den barrieren var broten :) Må seie eg er litt imponert over at du kasta deg over quiltinga også.