mandag 25. oktober 2010

Helgelukke!


Helga starta med ein dag i Førde. Bilen skulle på verkstad og eg fylte timane med kafebesøk, besøk av tidlegare kollegaer, butikkrunde blant anna. Kjekke timar for meg og mitt humør, men dog ikkje for ryggen.... Ja, ja eg fekk mykje positivt påfyll og vel å fokusere på det når eg no"betalar".....
Eg var så heldig å ENDELEG finne favoritt-teen min. Ein gåvepakning til meg sjølv med små søte boksar med vedunderleg te. No kan eg smake forskjellige sortar og finne favoritten.... Når boksane ein gang blir tomme har eldstegullet allereie funne kva dei skal brukast til. Dei er perfekt til perlene hennar, og eit fint blikkfang til pynt.

Laurdag sette vi nasen mot barndomsheimen min. Der det venta feiring av både bursdagar og bryllaupsdag, 46 år har det gått sidan mamma og pappa sa ja på FN dagen.....
Det er alltid kjekt å komme heim og som vanleg diska mamma opp med middag til heile gjengen på søndag. Alle dei fire søskena mine med sine barn kunne komme, så vi var ein lystig gjeng på 27 stykk.
Det var ein god dag med god mat, gode historier og mange latterkuler som vanleg.
Eg hadde med strikkety og strikka striper. Det er eit prosjekt som blir til medan eg strikkar.....
Tråden har eg kjøpt over tid, utan"mål og meining" berre fordi fargane var så fine og glansen i tråden vakker. Eg starta med to nøster og kjøpte nokre fleire, og så endå nokre fleire og no blir det jakke;o)
Handsaumen min var og med på turen og det blei ein ny snøkrystall og endå ein som er klar til å bli sydd saman.
Den vakre boksen eg har til handsaumen måtte vere med på bildet. Det er alltid kjek å ta fram handarbeidet når ein kan krydre det med vakre boksar og vesker....;o)
No er planen å quilte ferdig teppet mitt og få på lukkekanten.
Eg gledar meg til å få det ferdig!
Gjer dagen god for deg og dine!

3 kommentarer:

Ann Tove sa...

Ser du har hatt ei innhaldsrik helg.
Eg og var i Førde fredag, men heldigvis fekk eg vere passasjer og slapp å kjøyre sjølv. Vi kjempa oss gjennom mykje snø, og passerte nokre småras.
Takk for fin komentar i bloggen min. Men når det gjeld utforminga av bloggen, so kan eg ikkje ta æra for det. Det er datter mi som er begynt på Kunsthøgskulen i Bergen, som har gjort det. Eg har ikkje tolmodigheit til slikt :)
Ha ein fin dag vidare.

Bente sa...

Ei perfekt helg, med andre ord ;-)
Spennande strikk, og lekker sy-boks.
Blir kjekt å sjå teppet ditt ferdig.

Ha ei flott veke :-)

Bestemor Drillo sa...

Ei riktig strålende helg med andre ord!!
Ha ei fin uke! Klem!