fredag 29. oktober 2010

Travel hausthelg;o)


I dag har vi hatt ein langsom start på dagen. Så morgonkaffien fekk selskap av levande lys. Det gjer godt!

Dei to minste jentene har skulefri. Dagen har så langt gått med til å ferdiggjere 4 H prosjektet til mellomstegullet. Minstegullet har teikna og stempla og laga fine kort.

Dei to eldste skal vere med å lage Haustfest i 4H på søndag og då må prosjektet vere ferdig. Dei er begge godt i gang og mellomste har berre att å plukke ut kva ho skal ha med på utstillinga si.

Eldste er meir sjølvstendig og jobbar jamt og trutt med matskulen ho hadde i hausferien.

Vi vaksne skal bidra med kaker og kaffi og nok pengar til lotteriet;o)


Eg har starta med nok eit fargerikt prosjekt......

Eg har funne fram broderiet eg lagde i sommar, og eg har kutta firkantar. Eg har plukka fram mest grøne stoff med motiv og supplert med litt andre fargar.

Eg vil ha det fargerikt og gjerne med mange mønster og fasongar. Eg ser det vart mykje dyr og blomar.

Eg kutta og kutta og sydd saman, og som vanleg vart mykje til undervegs..... idéen vart endra og stoff bytt ut.



Slik vart det til at det plutseleg var to posar i produksjon..... Ein til kvar av dei minste jentene som treng ny pose til reine, tørre klede på skulen.
Her har eg teikna eit motiv som eg skal brodere.

Den andre sida tenkte eg å har i eit stoff, men med ein applikasjon der eg kan ha namnet deira på.
Ein blome, eit hjarte eller liknande. Får sjå korleis det blir når eg kjem så langt.....;o)


No skal eg plukke stoff og pakke symaskin og utstyr. Eg skal vere på kurs i helga saman med ein gjeng flotte damer. Foto på stoff er tema, og kva eg skal lage veit eg ikkje endå.....;o) Eg likar det slik, reknar med at Kari-kursleiar som vanleg har med ein haug med inspirasjon.
Helga skal brukast til å lære, nyte, le, prate, la meg inspirere. Sist men ikkje minst avslutte helga med ein fin Haustfest for Krokane og Neptun 4H der eg kan sjå mange flotte prosjekt som barna og ungdomane har brukt det siste året på.
Har du lyst til å sjå mykje fint, la deg underhalde av flotte barn og ungdom må du gjerne ta turen til Florø Samfunnshus søndag kl 15.00. Det blir og kaffi, kaker og loddsal. Vel møtt!
Ha ei god helg!

4 kommentarer:

KariL sa...

Oii nytt prosjekt?? Lurer på kva det du no skaltil med.
Kjolen din vart nydelig. Teppe likeså.
Lykke til på kurs og riktig god helg!
Klem fra KariL!

ann helen sa...

Kikker innom for å ønske deg en strålende helg, kos deg på kurs og 4H fest. Klem

Mona sa...

Tusen takk for tipset ang. heklenål. Må nok inn på siden i kikke. Nydelig kjole du har laget. Lekker!!! Søtt sitchery du har laget. Ha en super kveld på 4H fest.

Elins systue sa...

Litt langt å reise. Koselig teppe