søndag 28. november 2010

Adventstid


Mine planar for denne helga var å pynte til advent.
Jentene ville bake kakemenn og pepperkaker....

Vi har klart begge deler;o)

Etter at kakedeig var ferdig og sett kaldt kunne eg plukke fram dukar, gardinkapper, lys og pynt.

Så var det tid for kakene. Rundt kjøkkenbordet var mine go'jenter, eit mostegull (dattera til søstera mi) og ei venninne til minstegullet.


Dei trylla fram englar, snømenn, stjerner, juletre m.m. og eg passa kakene i ovnen. God fordeling som passar meg og ryggen min.....;o)


Det heile var i eit makeleg tempo, noko som er heilt nødvendig og gjer det triveleg for alle...... det gjorde til at vi ikkje ferdige i går......

....så vi fortsette i dag.....

Eg tok ein "kattevask" av vindauga då gardinkappa og stjernene skulle hengast opp, det var heilt nødvendig!

Heldigvis er det så kaldt at det ikkje går å vaske vindauga utvendig no......;o)



Så måtte vi jo pynte pepperkakene!!




Melisglasur i lange baner med og utan fargar. Gul konditorfarge er ikkje å oppdrive så det vart rosa, "gusje-grøn" og turkis i tillegg til kvit.

Eldstegullet kom på at med litt kakaopulver ville vi og få ein brun farge, og slik vart det;o)




Elsdste og eg var med i starten og jammen er det kjekt å lage mønster og "fargelegge".


Dei to minste jentene har verkeleg har kosa seg med å pynte. Dei har brukt storparten av dagen til dette.

Det har vore kjekt å høyre på småpraten og go'lyden som har kome frå kjøkkenet i dag.




Resultatet viser at dei har mykje skaparglede desse to gulla mine;o)

Omtrent halvparten av kakene er no pynta til fest. Og pepperkaker med glasur er no søtt og godt til kaffien......




Eg har pusla på i dag, i langsomt tempo, og pynta litt her og litt der.

Dagen har gått med og mørkret har falle på, noko bilda diverre ber preg av.....

I utgangspunktet tenkte vi å reise til by'n for å vere med når julegrana skulle kveikjast. Det vart ikkje, i staden har eg slappa av i sofaen. Eg har gleda meg over alt det fine eg har sett og lese i blogglandia.

Roa har senka seg med levande lys, julemusikk og småprat.

Det har med andre ord vore ei god helg!


Håpar du får gode, om enn travle førjulsdagar!

Ingen kommentarer: