fredag 26. november 2010

Helgestart...



Slik såg det ut i går kveld når 7 damer kom på besøk med julebaksten.


Den var sirleg pakka i 7 posar, ein til kvar.... så no har vi 8 sortar til adventskosen.


Etter eg hadde plukka fram koppar og kar, sett gløggen på varmen , kveikt ein HAUG lys, sett på julemusikk, for første gang i år....;o) sette eg meg ned ei lita stund før damene kom, for å nyte;o)


Med lukta av gløgg, alle dei kveikte lysa, musikken, den gode stemninga, fekk eg ro og kjende på forventninga og gleda over denne tida vi no er på veg inn i. Det er ei god tid! Og med damene i hus kunne eg nyte endå meir!!!




Kalde vinterdagar, sol, himmel i mange fargar,
nydelege kveldar med strålande måneskin,
eit hav av stjerner.
Det er vakkert og av ein eller anna grunn gjev det lyst til å pynte inne...... så difor vart denne til....;o)

Den er laga av diverse grønt frå hagen, siste blomerest av Dronning Ingrid og nokre tulipanar i nydeleg lilla.




Inspirasjonen har eg fått av Kari hos Kari's Blomster, som er fantastisk flink til å lage gode stemningar med blomar, lys og pynt!




Eg synes at orkiderar er vakre også utan blomar. Med sine lange stenglar og røter som snor seg rundt er det ikkje mykje pynt som skal til for å få eit vakkert blikkfang, medan ein ventar på neste runde med blomar.


Ein knopp på enden av ein laaaaang stengel gjev rom for eit sinkhjerte. Og med Tingeling som dukkar opp bak eit lauv blir det vakker pynt. Når blomen kjem blir det endå vakrare.....;o)

Litt pynt har altså allereie sneke seg inn og i morgon tenkjer eg at dukar, lys endå meir lilla dill skal komme på plass i kjøkken og stova. Stjerner, gardinkapper, adventstake endå meir julemusikk, te og kos.



Ha ein god kveld og nyt den som best du kan!

1 kommentar:

SNILLPIKE♥ sa...

Nydelig dekorasjon du har laget. Heldig du som får orkideen til å blomstre flere ganger. Jeg har ennå til gode å få det til.

Ønsker deg og dine kjære en strålende flott adventshelg, klem.