torsdag 25. november 2010

Kalde, vakre dagar




Når kulden kjem om hausten og vinteren er eg heilt avhengig av ull!
Jakker, skjerf, sjal, vottar, pulsvantar i ull eller alpakka.
Dette ber kleskapet mitt og gangen vår preg av....

Og med mange idear og garntypar, eg så gjerne vil prøve, og trangen til alltid å ha eit handarbeid for hand, blir det laga litt av kvart.
Heldigvis likar jentene våre og så ullklede....


Og no er altså mine glade striper ferdig.
Det har blitt ei fargerik gla'jakke.
Nett slik eg likar det. Eg blir glad og får ekstra energi av å bruke fargar.
Vi treng det no når fargane blir ferre i naturen. Den er vakkert i kvit, men blir vakrare med ein liten fargeklatt.....
Jakka har vorte til "etter kvart" Utgangspunktet var, som skrive før, det fine garnet og dei vakre fargane.
.... og nok ein gang er det Tine Solheim sine bøker eg har hatt som inspirasjon til heklekantane.....
Jepp, så om du ser nokre glade striper nær deg, er det nok eg som er ute å luftar meg......;o)
Ha gode dagar!

3 kommentarer:

Merete sa...

Det var en nydelig jakke! Du er så flink og produktiv! Jeg holder og på å strikke meg en jakke i alpakka, men det tar litt tid....
Enig med deg - mår det er kaldt er det bare ull som duger :o)

Trollkåno sa...

Det var ei fin jakke, ja.....so fargerik og flott, og so artig med både strikk og hekling.
Nydeleg!!

KariL sa...

Å det var ei fargerik og flott jakke. Du er nå en herlig fargeklatt. Kreativ som alltid.
Klem!