mandag 1. november 2010

Ein god start;o)



Eg har hatt ei fantastisk helg!!!! Eg har fått ein god start på to nye prosjekt. Det vil seie eg har laga "toppen" og starten til nye timar med glede;o)

No skal eg quilte, pynte og kose meg og utvikle dei vidare.

Dette tenkte eg skulle verte min nye jule-/vinterløpar
Inspirasjonen kom med eit vakkert julemagasin....


Eg starta med bilde av skøytene og skar det i strimlar for så å sy det saman att.....;o)

Deretter la eg ut nokre fleire bilete og stoffbitar.
Med utgangspunkt i den første blokka var det å kutte nye bitar i forskjellige mål, sy og kose seg.

Det er ikkje noko mønster å ta utgangspunt i og det er for meg ein ny måte å arbeide på, men du så kjekt!!!
Det var ofte SVÆRT slille i lokalet....... stor konsentrasjon...;o) Og mange flotte arbeid blitt til i helga!


Her kan du sjå korleis eg arbeidde.

Først la eg lagt ut stoff og bilete til det nye prosjektet. Eg tenkte desse vakre naturbileta skal pryde ein av veggane våre.

Bileta er lagde omtrent der eg vil ha dei i det ferdige prosjektet.

Først no lagde eg ei skissse og sette på nokre ca-mål.

No er det berre å kutte bitar, tenke blokker og at saumane/skøytane ikkje skal komme på same staden.
Eg vil at fargane og stoffa skal "flyte i kvarandre" og bli lysare mot toppen og danne eit bakteppe mot dei vakre bileta.

Til pynt og quilting tenkte eg å bruke nokre tekstar. Elles pynt som måtte passe, knappar, perler, stitchery, eller anna pynt. Eg får sjå etter kvart som eg arbeider vidare med det.
Litt pynt har det allereie fått....


Denne engelen vart til medan eg venta på at eine bilete skulle tørke. Det er ein rest av eit bilete eg brukte i første prosjektet.
Eg quilta det med ein bit vatt, la på eit bakstykke og vrangsydde ein engel.
Flott til dette prosjektet og eg trur nok det blir fleire slike.

Eg tenkjer den vil passe til å henge til pynt.
Den kan og brukast til applikasjon...... eller berre strø nokre slike på bordet til pynt.....
Vakker som merkelapp eller eit lite kort.....

Jau, planane er mange.....som vanleg.......;o)

Helga vart avrunda med ein flott haustfest i 4H. Dei flotte barna og ungdomen i dei to klubbane laga ei fin avslutting på 4H-året.
Begge jentene våre fekk vurdert oppgåvene sine og fekk plakett og merke, stolte og letta over at det gjekk bra.

Og eg sat med tårer i auga og klump i halsen, stolt som berre ei mor kan vere når eldstegullet mitt fekk ekstra skryt og publikum vart oppfordra til å sjå gjennom hennar prosjekt.
Det var det beste prosjektet dei hadde sett på lenge!
Grundig og dyktig arbeid! Eg er så glad på hennar vegne, at ho fekk noko att for alle dei timane ho har brukt på arbeidet sitt!
Ho var sjølvsagt glad, men likar ikkje så godt å få så mykje merksemd, framfor alle i salen.....;o)
Begge jentene er allereie i gang med å planlegge neste år i 4H.... Begge veit kva prosjekt dei skal ha, så her er det berre å brette opp ermane og starte på nytt!
Ha ein fin dag!

1 kommentar:

Ann Tove sa...

Her var mykje spennande. Du er dyktig.Gler meg til å sjå fortsettelsen.
Kjekt å vere med når ungane har utstilling i 4H.Hugsar tilbake då eg var i din situasjon, det var spennande å sjå resultatet av årets forberedelsar til haustfasten.