onsdag 24. november 2010

Frå plan til......

....denne løparen, som skal pynte kjøkkenbordet vår frå søndag av.

Eg fann nokre nydelege lilla stoff og måtte berre ha dei.... Eg visste ikkje kva eg skulle bruke dei til, men tenkte at dei ville verte fine sama......, er det nokon som kjenner seg att...?....


Løparen har vorte til medan eg varmar opp til styrketrening! Medan eg trakkar i veg, vert raud i kinna og varm i kroppen surrar det rundt på sykkelen og i toppetasjen! Med 2 X 20 min for veka blir mange idéar forma og utfordringar løyste.....;o)


Dette fine ullbandet og den linfarga blonden har eg funne hos Kari's Blomster.

Eg måtte berre prøve korleis det ville verte. Det er nesta på for hand, så når eg skal vaske duken kan eg lett ta av pynten....,



.....eller prøve å vaske den.

Eg vit tru at ulla vil tove seg. då den er laust surra rundt bandet.

Som vanleg er mine hjarter på snei og langt frå symetrisk..... og blomen heng litt ut for sjølve løparen.








For at stjernene ikkje skulle vere så "harde" og firkanta har eg pynta midten med ein blome.

Det er jo så kjekt med den stoppefoten......;o)....

Elles er det quilta i saumane rundt stjernene og den flygande gåseflokken.....;o)
I stripesetta har eg brukt stoppefoten.

Til helga er det berre å finne dei lilla lysa og litt dill så er vi klar for advent, kos og forventingar fram mot jul;o)

Ha gode dagar!

4 kommentarer:

Sonja frå Sunnfjord sa...

Takk for hyggeleg kommentar inne hos meg:)
Mykje fin søm å sjå her hos deg. Eg er totalt nybegynnar på lappesøm, så det vert nok berre enklare ting på meg.
Ha ei fin veke:-)

KariL sa...

Så spennande adventsløper. Lekker og spenstig. Kjekt å kunne bruke oppvarminga til kreative tanker.
God førjulstid, for vi kan vel sei det no?

Laila sa...

Løparen din vart skikkelge flott og herleg usymetrisk! Nydeleg rett og slett.

Liven sa...

Denne ble fin:-)
Fik herved inspirasjon til å få gjort ferdig mitt eget prosjekt!
Snax.