tirsdag 2. november 2010

Glade striper...


I går var det nødvendig å ta det roleg.
Men kva gjer det når eg kan innta sofaen, nyte synet av MANGE kveikte lys og ha eit enkelt strikk for hand??

Medan eg strikka pusla eg med mange idear om korleis eg skal quilte og pynte arbeida eg laga i helga.

Eg har ein plan og fekk ein god ide av Kari Nyttingnes Grødem som var læraren vår i helga. Ei kreativ dame med eit oppkome av idear som ho så gjerne deler!

Ho har laga mange flotte tepper som vi kunne sjå og klappe på!;o) Løparar som kan brukast både på bordet og på veggen var og med. Vi fekk mange idear, god hjelp og støtte med arbeida vi jobba med i helga.



Eg vart nesten ferdig med jakka og måtte strikke den ferdig morgontimane i dag.... Måtte berre sjå korleis den vart;o)

No tenkte eg å hekle kantar nedst på jakka og på ermane. Trur det blir ein liten pyntekant øvst i halsen og....

Jakka har A-fasong og glattstrikk nedst. Eg ville ha rundstrikk på bærerstykke og leita litt i mønstera til Garnstudio og fann eit vakkert strukturmønster.


Eg brukte denne boka for å lage denne jakka. Fann fasongen eg ville ha og følgde mønsteret opp til bærestykket. Då gjekk eg over til mønsteret eg fann hos Garnstudio og fortsette i striper.

Eg hadde ca 350 gr nydeleg mohairgarn frå Naturfiber AS. Det lilla garnet, 100 gr, er Alpakka frå Garnstudio.

Enno har eg garn att til å hekle kantar, det blir nok ei lett og lun jakke.


Ha ein god dag!

3 kommentarer:

Grethe sa...

Herlige farger :0)

KariL sa...

Så lekkert. Det går mye i striper hos deg for tiden. Lagt merke til det? Alltid gode farger og spennende for oss å se. Lykke til med resten!
Tirsdagsklem fra KariL!

Bestemor Drillo sa...

Dette var nydelig!
Helskjønne farger!
Klem!