søndag 21. november 2010

Julegåte III



Slik har eg løyst julegåta..... Eg skal lage to til, omtrent som denne. Eg trur det blir to puter evt. ei lita brikke av den siste blokka.

Desse blokkene tenkte eg å lage løpar av, med ein lys kant runt. Eg trur den skal vere offwhite.....
Eg har prøvd med litt forskjellige stoff, men har ikkje bestemt meg endå.....

I mellom syinga har eg laga mitt bidrag til julekakedeling.
Vi er 8 damer som lagar ei sort kvar. Ein kveld møtast vi med desse kjeksa/kakene pent delt i posar.....
Vi kosar oss med ost, kjeks, frukt/grønt, vin og gløgg. God prat og latterkuler er og sjølvsagt denne kvelden.
Betre kan ikkje julebaksten gjerast.
Ungane og eg har og ein dag der vi bakar kakemenn og pepperkaker. Eg lurer på om det blir neste helg og då er vi klar for advent og julekakekos!
I går etter rydding og julegåtesaum måtte eg berre leike meg litt med den lilla og kvite planen min.
Eg har quilta den ferdig. No er det litt blonder, band og lukkekant, men det skal få vente til i morgon.
Dagen i dag skal eg avslutte med ein konsert med koret Fryd. Eg gledar meg til ei stemningsfull stund i Florø Kirke.
Ha ein god kveld!

5 kommentarer:

LeKaQuilt sa...

Merethe har gode gåter, og jeg liker veldig godt stoffene du har valgt. Høres både koseligt og lurt ut med kake bytte.
Kakemann er det beste med hele julen, men desverre så lager ikke mor slike lengre. Kanskje jeg skulle prøve meg??

Unknown sa...

Fin julegåte! Hadde dessverre ikke tid til å være med, men har lagret mønsteret og skal lage det senere. Du har quiltet 'planen' din kjempeflott!!

Laila sa...

Det var eit flott mønster Merete hadde pønska ut denne gongen. Kjempeflotte stoff du har brukt. Eg sydde puter denne gongen, men kan godt tenkje meg å bruke same mønsteret i ein løpar. Den lilla planen din ser svært spennande ut. Ha ein fin kveld.

Ulla sa...

The mystery was fun, wasn't it? Your fabrics in the second picture are especially lovely.

Svalen sa...

Spennende med gåter, og dette ser veldig fint ut.
Herlige stoffer du har valgt, gleder meg til å se arbeidet ferdigstilt.