fredag 24. desember 2010

GOD JUL!


Eg vil med dette ynskjer dokke alle ei NYDELEG GOD JULEHELG!
Eg ser fram til lange late dagar, god mat, gode stunder med familie og vener. Turar i knirkande snø, i solskin eller måneskin og stjerneglans.
.... og eg håpar du får det same;o)
Julestemningar er på plass her i huset, levande lys i kvar ein ledig krok, treet er pynta, gåvene er komne under treet. Luktene er og på plass. Lukta av grantre som blandar seg med lukta av pinnekjøtt som bli dampa, julemusikk, og lyden av ivrige småjenter fulle av forventningar, kan ein ha det betre????
.....ikkje eg i alle fall!
Ha ein god kveld!!

2 kommentarer:

Laila sa...

Riktig god og fredeleg julehelg til deg òg.

Orlaug sa...

Ei riktig god jol til deg og dine!