fredag 10. desember 2010

Helgetur



Denne helga er eg så heldig at eg skal få vere med koret mitt på tur. Vi skal ha med oss Ytre Suløens Jassensemble og Tricia Butté. Sistnemnde er ein knakande kjekk dame med ei fantastisk stemme.
Vi skal innom Førde, Bergen og Florø der vi skal ha konsertar i dag, laurdag og søndag.








Det blir veldig kjekt og eg er grådig spent på korleis det vil gå. Det er fyrste gangen eg er med på lenge. Ryggproblem og å stå ein heil konstert har ikkje vore heilt enkelt å kombinere, men eg skal vere med på det eg klarer.
Eg er heldig som får vere med på slike vilkår, det er ein kjempe flott gjeng eg er med!!! Så tek eg mandagen og dagane etter når og slik dei kjem..... Det vil uansett vere pluss på kontoen då det er sosialt og kjekt å vere saman med alle;o)



Når koret har konsert går alle i svart, det er ein farge som eg ikkje brukar så mykje. Difor "måtte" eg berre ha to nye svarte kjolar.......;o) Eg har laga ein lang og ein kort.
Den eine er ny, dvs både overdel og underdel er ny.
Den andre har eg laga ny overdel og teke eit av mine gamle skjørt til underdel. Då skulle eg vere klar for konsert...
Sangane kan eg og.........;o)
Eg beklagar dei dårlege bileta.... Svart er ikkje enkelt å ta gode bilete av.
I løpet av helga kan eg kanskje klare å ta "livebilete" som eg kan legge ut.....;o)
Eg vil og ynskje velkommen til ein ny bloggar. Det er Kari Nyttingnes Grødem som har bloggen Lilla dør ta turen innom å sjå kva ho planlegg. Ho har eit oppkome av idear og eg er sikker på at vi kjem til å sjå mykje kjekt farmover;o)
Nyt helga og kom gjerne på konsert om du er i Førde i kveld, Bergen i morgon eller Florø på søndag!!
Ha gode dagar!

3 kommentarer:

Laila sa...

Lukke til på turnèen :)

Ann Tove sa...

So fine kjolar, kjekt å lage sjølv,då er det ikkje andre som har samme. Håpar det gjekk fint med deg i helga, so du får nyte denne fine tida før jul.

Bestemor Drillo sa...

Så lekre kjoler!
Jammen er du dyktig!
Lykke til på turneen !
Klem fra meg!