onsdag 15. desember 2010

Glede

Eg har hatt ei fantastisk helg!

Tre konsertar saman med gode vener. Eit band som er fantastiske musikarar og gode vener og medmenneske.
Ein solist som bergtek meg kvar gang og som spreier glede og er tvers gjennom god.
Og sist men ikkje minst kormedlemmane som ikkje veit kva godt dei skal gjere for meg for at eg skal kunne vere med på konsertane!

Saman klarte vi å gje mange mennesker ei vakker stund og vi fekk mange lovord frå publikum som var glade for å vere tilstade.
Då er vi og glade, har vi klart å røre ved hjartene og kunne gje god stemning og høgtid til dei frammøtte, er det den største gleda vi kunne få!
Diverre landa eg med eit brak, bokstavleg talt....
Søndag vakna eg med hovudværk og hoste, ikkje så gale at eg ikkje kunne vere med på siste konserten....... med litt hjelp av paracet....
Men når eg kom heim kom feberen for fullt og slo meg ut. Influensa og bronkittliknande hoste og det slit eg med endå.
Men no er eg heldigvis så bra at eg kan bruke strikkepinnane;o) og tusle rundt i blogglandia.... større proskjekt gjev hjertebank og svetteperler på overleppa.....
Strikketyet er ei julegåve, som vanleg.... utan mønster berre nokre idear. Denne gang er det eldstegullet som hadde idéane og mora måtte berre prøve.....
Med lydbok, te, strikk, paracet og mannen puslande rundt blir eg nok snart frisk og rask;o)
Ha gode dagar!

1 kommentar:

Kerstin sa...

Så fint å høre at konsertene gikk bra. Vi fikk desverre ikke tid til å komme å høre på dere.
Du må ha riktig god bedring.
Klem