torsdag 23. desember 2010

Sånn i siste liten.....


Tradisjonen tru blir det laga julegåver omtrent heilt fram til julekvelden......;o)
Men når det er symaskina som skal brukast gjer det ingenting......;o)
Eg måtte berre bruke dei vakre juletoffa som kom i år, dei har slik ein nydeleg farge. Det vart ei hjerteleg pute.....
Av det vakre rosestoffet har eg laga ein handarbeidspose inspirert av Timotei. Eg har laga den noko større og i lommen har eg lagt ei mappe til nåler og ein saksepose. Då er alt på ein plass og handarbeidet får god plass i posen;o)
No er det tid for å forvandle den ryddige og nyvaska;o) heimen til julehus. Dukar, nissar, englar, lys m.m. skal finnast fram og i kveld skal treet inn i stova;o)
Ha ei god dag!, dagen før dagen.....;o)

2 kommentarer:

LeKaQuilt sa...

Lekkert ! Årets rødfarge er virkelig lekker ;)
En riktig fin Jul til deg og dine.
Klem

SNILLPIKE♥ sa...

Gode ønsker for en koselig julehelg for deg og dine kjære, klem ann helen.