I dag vakna vi til dette.
I går kom det lette snøfnugg medan det var lyst. Lette, så det nesten snødde oppover.... så kom mørket og plutseleg var det kvitt og plogen kom dundrade på vegen nedanfor huset vårt....
I dag er det vakker vintersol. Min kjære er ute å måkar, det er ikkje det kjekkaste han gjer.....
Dei to minste er ute på ski saman med ungane i naboaget og for dei er det fryd og glede!
Eg tenkte å lage varm kakao når dei kjem inn att;o)
Seinare i dag skal eg ha meg ein spasertur i vakker natur.....
I kalenderen til jentene har eg laga kvar sitt broderi som dei kan kose seg med no i advent.
Dei to minste er i gang og det ser ut som om dei likar dette. Det gledar mora!
Eldstegullet som har gjort dette før hjelper dei minste når mora er oppteken.....;o)
No kallar syrommet.... Eg har fleire småprosjekt på gang... og endå fleire eg har lyst å starte på..... ;o)
Ha ei god vintersøndag!
2 kommentarer:
Herlig stemning !
Landskapet du viser er nydelig!
Ha en fin kveld!
Klem!
Ja i dag har det vært idyllisk ute. Kjekt at jentene set pris på broderipakkane.
HA EIN GOD KVELD!
Legg inn en kommentar