fredag 28. januar 2011

Blomar i alle variantar...

I går var det nok ein kjekk medlemskveld på Kreativiteten. Nokre av medlemmane hadde laga til ein fargefest! for oss andre;o)

Vi skulle berre ta med heklekrok og loddpengar....


Til gjengjeld fekk vi ein kjekk kveld med god hjelp, småprat og ikkje minst latterkuler!


Tema for kvelden vart desse "blomane" Gryteunderlag, brikke, grytelapp om den blir hekla dobbel, det er fritt val....

Eg valde desse fargane......





Kaffi, te og kaffikos er obligatorisk på desse kveldane, vi veit å kose oss! Og sist men ikkje minst loddsal!




Og gjett kven som var heldig......

Ikkje mindre enn to gevinstar som resulterte i overflod i hjarta mine.....

For ein fargefryd! Min favoritt er dei rosa og raude.....
.... om eg er nøydd å velje då.....
Eg har nokre kjekke hjerter som eg brukar til det meste....
Desse rommer glatt tre primula. Dei har og vore fylt med avskorne blomar, lyng og konglar eller sviblar, mose og konglar til jul....
Dei er med andre ord brukande til så mangt, som lagerplass for desse.....
.... eller med fargerike garnnøster, stoff eller.....:o)
Med helgeblomane i hus er det snart klart for helg.
Ei helg utan så mange planar, men med plass for kreativtitet og familiekos;o)
Ha ein fargerik og fin dag!

2 kommentarer:

Anna sa...

Nå fikk jeg vårstemning.Primula er en vakker blomst å den ble jo ekstra fin i den hjerte korga. Ja du har rett vi var på samme kurs i førde Det var der jeg begynte med de to dukene.Ble ikke ferdig med de for jeg var mer opptatt av å prate med dere å lære nye ting.Håper vi en gang møtes igjen. Ha ei riktig koselig helg.

flisa sa...

Så fine farger du har hekla med. Orntlig gladfarger! Ha ei fin helg!