torsdag 27. januar 2011

Strikkenytt....


Skjerf har vi vel alltid bruk for. Nokre til pynt på sommarkjolen og nokre tjukke og gode til varme på ein kald vinterdag.
Dette lette, mjuke pynteskjerfet var kjekt å ha på reisa til Jæren. Mønsteret er enkelt og lett å huske så eg kunne strikke på reisa.
Vel framme strikka eg om mogeleg endå fortare, for å kunne starte på nokre av dei nye garnsortane...
Det er strikka i bomull, Mandarin, og vart mjukt og lett då eg brukte pinne nr 4,5 mm.
Skjerfet er no overlevert til eigaren, så derfor kan eg vise det fram;o)

Ingeborg som har Ullrommet kom med fleire forslag og oppskrifter til korleis ein kunne bruke garnet ho har.
Eg vart freista og måtte prøve...
Denne modellen er ein variant av hennar oppskrift. Eg har laga mønsterstrikk på eine enden, på hennar modell var det berre nytta glattstrikk...
Tråden er silke-uld frå Askeladden, som er ei blanding av silke og merinoull, dog ikkje kjøpt på Ullrommet....
men frå Idèstova der vi kunne boltre oss i endå meir garn og idèar....
Eg likar å prøve ut nye garnsortar og kjøper eit nøste her og eit der når eg er på tur. "Basisgarnet" mitt, det kjøper eg lokalt, slik håpar eg å kunne vere med å oppretthalde det fabelaktige utvalet vi har av garn i Florø....;o)
Til dette skjerfet brukte eg 50 gr. og det er mjukt, lett og lekkert. Det fell fint og krøllar seg i kanten og kan brukast sommar som vinter, tenkjer eg.
No har eg nokre lappar som lokkar......
Ha ein god vinterdag!

3 kommentarer:

KariL sa...

Skjerf har ein alltid bruk for og desse var nydelige.
Ha ein god dag!

GNIST by Gitte Bettina Lauridsen sa...

Så mye fint du har laget i det siste! Morsomt å se! Takk for link til oppskrift på hullmønster/skjerf. Mulig jeg bruker dette hullmønsteret på et framtidig prosjekt. Kos deg!

Anna O.Nilsen sa...

Nydelige skjerf,de ser veldig myke og gode ut.
Er veldig glad i skjerf selv så kanskje jeg kan få brukt opp litt av det garnet jeg har. ha en god dag videre.