mandag 10. januar 2011

Helgesaum del 1....


Eg måtte berre prøve meg på Mug Rug i helga. Eg har sett dei på diverse bloggar i desember, men då hadde eg andre prosjekt på gang og utsette det litt.
Dette var kjekt! Eg starta med restane frå Merete si julegåte.
Eg sydde saman reste-strimlar. Kutta og sydde saman på nytt. Putta inn litt andre stoff som eg syes passa til.
Når eg synes dei var store nok, var det tid for quilting og pynt.


Den eine fekk applikerte blomar og grøn kant.


Det er kjekt å sy slik, utan mal, og nesten utan mål og meining....;o)




....Berre la vegen bli til medan eg går.
Medan eg syr den eine dukkar det opp idear til den neste.....
Her vart det stoppefoten som laga blomane;o)
Beklager kvaliteten på bileta, men det er det manglande dagslyset som gjer det slik....
På desse vart det "grøftequilting", i saumen med andre ord...

Deretter tok eg tak i prosjektet med stoffbitane eg fekk med Merete.
Eg sydde på ein kant og fann ut at dette vart nok så vart det nok ein gang grøftequilting og ferdig. Det enkle er ofte det beste....


Medan eg sydde desse kom eg på at sirklar ville vere supert på desse små brikkene.
Eg fann fram ei bok eg har med sirklar og plukka den eine, så den andre og lagde oversflods brikkene.....
Plukka fram nokre av mine fargerike stoff.
Teikna av sirkler og grafiske former
Blanda fargar, former "i vilden sky" og kosa meg, jepp!
Kutta stripesett og sydde saman og grøftequilta før stoppefoten festa alle dei glade fargane :o)

Desse er til for dagar når ein treng ekstra energi og glede!
Fargesprakande, leikande og til å bli glad av;o)
Det var så mange former eg likte, så mange kombinasjonar eg ville prøve ut.
Når eg teikna av og klipte ut laga eg sirklar av alle formene. Då fekk eg mange små bitar som eg kunne legge oppå dei andre formene og slik pusla og leika eg meg fram til denne....

Her var det mange trekantar som gjorde mønsteret enda meir spennande;o)
Med stoppefoten er det lett å leike seg og sy fast alle dei små formene:o)
Rutenettet på denne er også grøftesydd;o)



Morgonkaffien vart nok ekstra god i dag med eit slikt kjekt underlag. Det passa perfekt til putene i sofaen, så "her køyrer vi med stil!"
Dette var litt av det eg har pusla med i helga. Det kjem meir, men no vil eg sy for eg har starta på eit nytt og spennande porsjekt som dreg meg til symaskina.
Ha ein strålande dag! Det skal eg ha;o)

6 kommentarer:

LeKaQuilt sa...

Du verden så kreativ du har vært !! Og så flotte de ble! Ja, her kan vi se at du har kost deg med stoff og sømm - de ble alle kjempeflotte og glade.
Jeg liker meget godt den med alle sirklene på, herlige farger ! Du har mange gode ideer her :o)

Unknown sa...

Kjempeflotte!!

Svalen sa...

Dette må være de fineste Mug Rug`ene i blogglandia!

Kerstin sa...

Mug-Rug-fever everywhere :-) Your Mug Rugs look great!
Kerstin from Germany

Liven sa...

Mug-ruggs er kjempearti....og dine ble riktig fine.
Snax!

KariL sa...

Skikkelig flotte. Eg begynte også på Mug Rugs i helga, men dei er ikkje ferdige. Kanskje neste helg. No er det berre bunadsjakke.
Ha ei fin veke!