fredag 14. januar 2011

Juleslutt.....;o)


I går sydde eg ikke eit sting på masikna..... Berre for hand om kvelden......
Eg gjorde som Trollkåno skreiv på bloggen sin. Eg rydda vekk jula og plukka fram lyse fargar, lyse dukar i stova og på kjøkkenet, lyse lysestakar og lys slik at desse flotte blomane kom til sin rett.

Hos oss blir ikkje jula plukka ned før 13. januar. Det er fordi elstegullet har bursdag 12 januar og vil så gjerne at jula er i huset til ho har feira dagen sin.
Det er greit for meg då vi ikkje pyntar før veslejulafta;o)


Dagen vart feira med kaker og muffins.
Sjølvsagt fekk bursdagsbarnet velje middagsrett og kake;o)

Det vart Pavlova med fargerik pynt. Den er god når frukta og bæra på toppen er noko syrlege, saman med det søte underlaget smakte den vedunderleg og det vart berre ein liten bit att...
Eg måtte berre ta bilete for eg syntes fargane var så fine saman......;o)




Eldstegullet høyrer mykje på bl.a. Green Day difor måtte eg berre lage denne til ho til bursadagen.

Saman med sømbyste og CD' ar frå oss og 3 par tjukkelabbar frå mosta vart ønska hennar oppfylt denne dagen, til glede for oss alle.....;o)


No lokkar symaskina.....;o)


Ha ein god fredag!

2 kommentarer:

Ann Tove sa...

Eg rydda jula ut for ei veke sidan. Då fekk eg god hjelp av dotter vår, som hadde ekstra lang juleferie før ho reiste til Bergen igjen.
Eldste son vår hadde bursdag i går, den 13, men vi skal feire litt i kveld. Kaka står klar i kjøleskapet :)
Ha ei fin helg.

KariL sa...

Den kaka så kjempegod ut. Vi har også rydda jula ut, og tatt fram ny pynt, men det blei mykje lilla.
Ha en fortreffelig helg!