søndag 16. januar 2011

Takk for......


Eg har lenge vore glad i streken til denne kreative designeren. Ho gir stadig vekk gratismønster og mønster for sal til glede for oss.

Denne BOM' en tenkte eg å følge og printa ut mønsteret. Eg tenkte å henge den på kjøkkenet etter at eg plukka ned jula...

Så vart det plutseleg så myke eg ville gjere...., men denne helga med striregn, og jentene opptekne med sitt og sine venner og mannen framfor sportssendinga... kunne eg sy og kose meg med dette.






For det første likar eg godt rosene hennar og har brukt dei før, og go'ord i kvardagen, som kan minne ein på at ein har myke å vere takknemleg for, passar og godt for meg.....





Eg fann fram arvestykket.... Det nydelege stoffet som mamma for 46 år sidan brukte for å lage babykorga mjuk og innbydande for min storebror. Som alle mine søsken og eg og våre barn etter tur har brukt dei første månadane;o)

.....og kombinerte det med årets julestoff, som eg tenkjer er eit heilårsstoff....



Eg leita i broderigarn-lageret mitt og fann fargar som passa til stoffa.

Eg valde å kutte stoffa og sy saman toppen før eg teikna av broderia. Det vart difor nokre strimlar ekstra å kutte då ho på kuttskjema har laga broderiblokkene noko større for å kunne justere etter at broderia er ferdige.....


Etter dette quilta eg og sydde på lukkekanten. Broderi og handsaum vart altså gjort heilt til slutt....



Eg sydde og applikasjonane fast med stoppefot og tre runder rund figuren. Eg likar det betre enn knappholssaum;o)

Nokre perler var med på gje det "lille ekstra" og eg følgde nesten oppskrifta denne gangen.....;o)

No kan eg fortsette med første verset, som ho har lagt ut på bloggen sin i dag.

Det vil komme nye vers no og då slik at ein kan variere veggpynten.


Ha gode dagar!

1 kommentar:

Mona sa...

Flotte stoffer og nyedelig stitchery. ha en super uke. Mona