fredag 7. januar 2011

Vinterklar...... eller.....


Vinter og snø har ikkje tenkt å sleppe taket. Sjølv om snøen omtrent regna og bles vekk ved årsskifte har det kome meir snø, meir regn for å gjere snøen tung og våt, deretter varmegrader for å gjere det endå våtare. Så kom kulden og glatta og no er det endå meir snø.

Jepp det var dagens sutrestund!

Eg likar snøen når den ligg bada i sol. Når mannen og brøytemannskap har måka godt og eg kjem fram dit ein vil, dvs. godt vinterføre....


Det er lyst og fint. Det kan gjerne vere kaldt for då slepp vi regn, slaps, glatta og vindkulene.....

Det gjeld å sikfte fokus og glede seg over det ein kan glede seg over. Som foreksempel ny lue og votter som passar godt til skjerfet og støvlettane mine;o)





No er dei ferdige og testa på morgonturen min;o) Vottane er smale så eg slepp å "sømje" i dei når eg har brukt dei nokre gangar;o)

Begge deler er i dobbelt garn og varmar godt.


Som sagt har eg brukt Baby Silk frå Du Store Alpakka. Det er eit nydeleg garn å strikke med og det verkar godt i bruk, i vert fall så langt...;o)



Ha ein god fredag!

1 kommentar:

KariL sa...

Nydelig sett og sikkert varmt og godt i vinterkulda. Synes det like kaldt om det er pluss eller minus og isen er krevende for store og små.
Ønsker deg en riktig god helg!