onsdag 2. februar 2011

Det enkle....

... er ofte det beste....;o)

Slik er det i vert fall med denne vesle vesten til mellomstegullet.


Ho ha sjølv valgt modell og farge. Tråden var frå lageret og vart godkjent umiddelbart. Ho likar godt at den er ujevn, det gjev liv i strikket og er fin i seg sjølv.




Ho ville og ha ein svart knapp så den ikkje viste så mykje, og valget fall på denne som har same fargane som vesten og om tek att sjatteringane i tråden.

Modellen er superenkel!

Eg starta oppe og, etter nokre omg perlestrikk starta eg å auke til framstykke, erme og bakstykke.



Først ved erme slik at det blir raglanerme. Etter nokre omg aukar eg og framme og vesten får v-ringing.

Når det var nok masker i erme felte eg dei og la opp nye masker under erme og stikka til vesten var lang nok. Nokre omg perlestrikk og volà - ny vest på ei kveldsstund!....;o)

Det beste er at det var to trådar å feste og ein knapp å sy på;o)

Ermekantane rullar litt og vesten får eit røft utrykk, nett slik gullet vil ha den;o)

Rolege dagar må til av og til.... Då er det godt å ta fram nål og tråd og broreriramma.

Dette vesle, enkle broderiet er no ferdig og lagt til side medan eg ventar på neste blokk.

Vil du vere med finn du mønsteret her.


No ventar nål og tråd og om eg er heldig får eg og ei stund ved symaskina i dag;o)

God dag til deg!

Ingen kommentarer: